Dei to ungdommane som har vore sakna i Stordafjellet, blei funne i god form laurdag morgon kl. 06.20, melder politiet.

Dei to gutane på 17 og 20 år melde på telefon i 17-tida i går at dei var på Kattnakken på Stord, og at dei ikkje fann vegen ned frå fjellet. Gutane ble kjørte til Fjellstova på kl. 1100, og avtalen var at dei skulle gå til topps på Kattnakken for å grilla. Seinere skulle dei hentast der turen starta.

– På vegen tilbake rota dei seg bort og klarte ikkje å finne vegen ned igjen, skriv Reidar Gaupås i politiloggen.

Politiet sette i verk søk etter gutane med flere politipatruljar, hundepatruljar og frivillige søkemannskap. Politiet trappa etter kvart opp søket og sette inn snøscooterar og mannskap med kompetanse på fjellredning.

Var ikkje der dei trudde dei var
Kl. 01.00 hadde politiet telefonkontakt med dei to sakna.  Dei hadde søkt ly for stormen ved et skrur / ei hytte eit stykke frå toppen.  Ein patrulje hadde igjen vore på toppen ved masta på Kattnakken, utan å finna gutane der. Søket heldt fram heile natta i det ekstremet veret med kraftig vind og snø. Og laurdag morgon rundt klokka 06.20 blei gutane funne i god form. Dei hadde søkt ly i eit skur i tilknyting til ei hytte på Stovegolvet, altså ganske langt frå toppen av Kattnakken.

Frivillige kjentmenn
Det var to frivillige kjentmenn med stor fjellerfaring og kompetanse som tok seg fram til dei to på ski, melder politiet. Dei hadde med seg mat, soveposar og tørre klede til dei to sakna. Redningsmennene tok seg inn i hytta og fekk varme klede på dei sakna og fekk dei ned i soveposane. Laurdag morgon vurderer politet og Røde kors korleis dei skal få dei to gutane ned, då veret framleis er ekstremt i området, skriv Reidar Gaupås i politiloggen.