Oliver André Matre leia A-finalen i bilcross junior på Eikåsbanen i Bergen sist laurdag då bilen hans tok fyr.

Oliver blei vinka av med det raude flagget, og brannvakter kom stormande til og fekk sløkt brannen i VW-bobla før den fekk utvikla seg. Men Oliver kom naturlegvis ikkje til mål, og gjekk dermed glipp av ei topplassering i den siste VM-runden, og ei pallplassering samanlagt i vestlandsmeisterskapen. Oliver måtte berre komma seg ut av bilen, og fekk 5.-plassen i A-finalen, i staden for noko som likna på ein klar siger før uhellet var ute.

Det var ein blenda luftenippel i toppdekselet på motoren som losna og forsvann, slik at det kom olje ned på den gloheite eksosmanifolden. Dermed blei det full fyr, og løpet var øydelagt. Denne nippelen har vore der i 50 år, så korfor den skulle hoppa av akkurat i det Oliver var i ferd med å gjera sin beste innsats for året, er det ingen som har eit godt svar på.

Både Oliver sjølv og støttespelar Gaute Aarbø meiner at Oliver køyrde betre enn nokon gong denne laurdagen. Han vann to av innleiingsheata klart, og var i ferd med å vinna det tredje då gasswiren rauk i det tredje. Men to heatsigrar var nok til å nå B-finalen, som han vann i suveren stil, slik at han kom seg til A-finalen. Som han altså var i ferd med å vinna då denne luftenippelen forsvann.

Også dei andre Fitjar-førarane viste seg frå si beste side på Eikåsbanen i Åsane under siste VM-runden. Køyringa til Gisle F. Aarbø i seniorklassen var den beste han har vist i heile år, men det same kan ikkje seiast om bilen hans. Han vann to innleiingsheat og blei nummer tre i eitt heat, etter å ha snurra heilt rundt. Dette heldt til pole position i B-finalen. Men der rauk gearkassen, og dermed kom han ikkje til mål, og han måtte nøya seg med ein 9.-plass i VM-runden i Bergen. – No køyrer Gisle slik han skal, seier mentor Ole Vidar Helland, i rallycross-stil gjennom svingane! Men som kjent må utstyret halda heilt inn.

Tredjemann frå Fitjar Racing Team i Bergen i helga var Håvard Dalen, som kjørte sitt andre løp i bilcross. Dette var det første løpet hans på «bortebane», og han viste fin framgang, med ein 4.-plass og to 5.-plassar i innleiingsheata. Sjølv seier Håvard at han allereie ser fram til neste sesong, med nye dekk og nye støtdemparar. Han har og sikra seg ein del andre nye delar til Sierra-en sin etter fleire bilslakt på Rydland …

Men før neste sesong reknar både Håvard Dalen og dei andre Fitjar-førarane med å delta i jubileumsløpet i Vikedal i oktober. Då skal det feirast at klubben NMK Vikedal er 30 år.