Søndag morgon vart politiet varsla om ein sjåfør som virka svært rusa på ferja frå Halhjem til Sandvikvåg. Derifrå vart det ein dramatisk biljakt som endte ved Fjon i Sveio.

Politiet rakk ikkje fram til Sandvikvåg før ferja var i land. Dei prøvde då å stoppa bilen ved Raunholm, men bilen berre peiste forbi politikontrollen i stor fart, vidare  mot Stord og gjennom Bømlafjordtunnelen. I mellomtida var politiet i Haugesund varsla, og dei rigga seg til med spikarmatter og fleire køyretøy ved Haukåskrysset. Men bilen køyrde rett over spikarmattene.

Ferda til den jaga sjåføren endte likevel ein kilometer seinare.  Ved Fjontunnellen på E39, køyrde bilen av vegen, traff ein fjellvegg, blei kasta tilbake i vegbanen og tok fyr. Mannen vart køyrd til Haugesund sjukehus og skal vera hardt skadd.  I følgje Haugesunds Avis har mannen fått skadar i hovud, nakke, bryst og buk, samt brotskadar. Tilstanden er karakterisert som alvorlig, men rimeleg stabil.

Mannen er fra Sør-Rogaland og er 25 år gamal.

Spesialeininga  for politisaker er rutinemessig kobla inn for å etterforska saka, melder NTB.

- Annonse -