I ettermiddag mista eit vogntog ein konteinar med gamle bilvrak i den krappe svingen i Vistviki. Truleg har vogntoget hatt for stor fart eller så har ikkje lasta vore skikkeleg sikra. -Dette kunne gått skikkeleg gale, meiner John Karsten Raunholm på Stranda.

Han fortel at om lag 100 meter av autovernet er rive bort. Stolpane er knekte som fyrstikker og at det lukkelegvis ikkje var personar på gang og sykkelstien. Det kom heller ikkje motgåande bilar.

-Det er ikkje første gongen at det skjer uhell her. Berre siste året har det vore 6 – 7 av dei. Går me lenger tilbake i tid så veit me at ein stor motor på 30 tonn har falle av i svingen. Det same skjedde med ei heil øl-last for nokre år sidan.
No må vegvesenet reagera. Anten med tydelege skilt som viser at her er det eit ulykkespunkt eller med nedsett fartsgrense, seier Raunholm og viser til at folk som bur i området reagerer kraftig på tryggleiken.

-Enkilde bilistar køyrer svært uansvarleg. Det bør vera trygt å gå på ein gang og sykkelveg. Dagens episode var ikkje eit hendig uhell, men eit nytt døme på ansvarsløyse og mangel på vurderingsevne, seier han sterkt, til slutt.