Sist fredag vart relativt dramatisk i Fitjar. I alle høve for dei som var i kontakt med dramatikken.

På Tveita stupte ein ørn ned og tok livet av ei høne, og ørna kom seg òg inn i hønsehuset der ein hane måtte gje tapt for overmakta. -Det er borna som eig hønene og hanane, og dei vart skikkeleg lei seg, fortel Vidar Vesterheim til "Sunnhordland".

Dagens "Sunnhordland" kan òg fortelje om Karin Korsvik på Helland som lett kunne ha mista huset fredags kveld då lynet slo ned og sette fyr både i ein kommode og nokre gardiner. Heldigvis gav flammane seg, men Karin fekk likevel øydelagt PC`en sin, i tillegg til at ho vart utan telefon og varmtvatn, og mangla straum på kjøkenet. -Flaks at det ikkje gjekk verre, seier Torgeir Steien, som hadde brannvakt i helga.