Under årets Norway Cup arrangerte Norges Fotballforbund dommarkurs for 9 jenter og 18 gutar.

NFF samla i år 9 unge kvinnelege fotballdommarar frå alle landsdelar til utviklingskurs på Norway Cup. Søndag til fredag er hektiske dagar, der alle deltakarane har 3 kampar kvar – ein som hovuddommar (med fløyte), og to kampar som assistentdommar (med flagg). Dagen startar tidleg med undervisning i fotballdommarrelaterte emne, før me går ut på Ekebergsletta med fersk kunnskap som me skal prøva ut i praksis. Etter at dagens siste kurskamp er blåst av, får me grundig tilbakemelding frå kyndige rettleiarar som har evaluert alt frå gule kort til fløyteblåsingsteknikk.

Søndagskvelden var både jentekurset og dei 18 deltakarane på gutekurset på Ullevål for å sjå Vålerenga tapa for Odd i Tippeligaen. Tirsdagen vart runda av med eit engasjerande foredrag av Tom Henning Øvrebø som omhandla stressmeistring og kampleiarrolla.

Årets gulrot for kursdeltakarane var oppdrag i jenter 19-finalen på laurdagen. Basert på jentene sine prestasjonar gjennom heile veka, utnemnde dei to kursleiarane Vibeke Karlsen og Ole Sørdahl, Cathrine Eide som årets finaledommar, med Karoline Gundersen Skjefstad og Signe Kvalsvik Rydland som assistentdommarar, og Tine Lundquist som fjerdedommar.

http://norway-cup.no/article.php?id=337&p=