Ein gjeng friidrettsinteresserte var sist måndag samla i Kultur- og idrettsbygget for å kursa seg som friidrettsdommarar.

Stein Alvær og Odd M. Lahn-Johannessen frå Norges friidrettsforbund var kurshaldarar.

I starten på kurset vart det snakka ein del om kappgang, då ein godkjent dommar i friidrett også skal kunne vere dommar i kappgang. Dette er nok ikkje så aktuelt på Fitjar, men det interessant å høyre om reglar og korleis det fungerer.

– Dei mange reglane i friiidretten finn ein i «Friidrettens Håndbok» (sjå lite bilde). Denne boka vart framstilt som det beste verktøyet.

Tidligare friidrettsformann Rolf Vik vil nok etter kurset sove med denne boka under hodeputa. Bård Inge Bø, friidrettens glødar i Fitjar, bladde ivrig i boka, og hadde ein del kommentarar utover fasiten. – Ivrig gjeng! fortel dagleg leiar i FIL Geirmund Aga til fitjarposten.

– Både han og styreleiar i FIL, Simen Årskog, var òg på kurset. Dette på grunn av at idrettslaget satsar på breidde i idretten, fekk me vite.

Måndag 6. mai er det duka for neste halvdel av kurset.