-Då me skulle dokka inn ein båt i føremiddag, begynte ho plutseleg å ta inn vatn bak. Eg ropte stopp, og så sprang me alle på land. Nokre minutt etter hadde dokka sokke.

Det er dagleg leiar i Årskog Dokk AS, Kjetil Huseth, som fortel dette til fitjarposten.no. Han understrekar at alle som var om bord var på dekk, og dei kom seg greitt i land. -Men det heile gjekk svært fort. Stod berre om minutt før dokka hadde kantra, legg Huseth til.

Det heile skjedde rundt kl. 12.15 i føremiddag, og Huseth ønskjer ikkje å uttala seg om årsaka til havariet  før fagfolk har vore på plassen. Så langt er det uforståeleg. -Det er berre utruleg trist, seier han.

Ikkje rart det. Det relativt nystarta firmaet har investert tre millionar kroner i dette prosjektet.