Ei småbarsmor i midten av tjueåra omkom i frontkollisjon mellom personbil og lastebil på Stranda i kveld. Hennar to born på fire og seks år vart lettare skadde og frakta til Haugesund sjukehus for behandling, seier operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan i Sunnhordland og Haugaland politidistrikt.

– Det kan verke som om personbilen kom over i lastebilen sitt køyrefelt og traff han i fronten, seier Utne-Reitan.

Politiet har varsla dei pårørande.

– Lastebilsjåføren er uskadd, og det er ingen mistanke om at han kan lastast for ulykka, seier Utne-Reitan, og legg til at det heller ikkje er mistanke om ruskøyring.

Fitjarposten har vore på staden og kan fortelje at det var glatt føre der ulykka skjedde. Vegvesenet si ulykkesgruppe vart i kveld sendt til ulykkesstaden. Det same er ein kriminalteknikar fra politiet.

E39 er stengt ved Vistvik i begge retningar. Omkøyringsveg er fylkesveg 545 om Fitjar. Politimannskap er ute for å dirigere ved Sandviksvåg og Heiane i sør, opplyser vaktoperatør Ronny Sleire i Statens vegvesen, til bt.no.

Operasjonsleiar Jan Magne Østebøvik seier til Sunnhordland at den omkomne kvinna har adresse sør i Rogaland.

Siste:
Dette skreiv operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan i politiloggen for Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt i dag:

«Fredag rapporterte vi at de to barna som var involvert i ulykken hadde lettere skader og ble transportert til Haugesund sykehus. Ved undersøkelser på sykehuset i Haugesund ble det avdekket mer alvorlige skader og begge barna ble overført til Stavanger universitetssykehus.»