Endå ein gong har det skjedd ein tragisk ulukke ved Jektevik. 20 år gamle Magnus Solvoll mista livet, og to jenter på 16 år og ei på 6 år er alvorleg skadde, og ligg på Haukeland universitetssykehus. Tilstanden deira søndag føremiddag var alvorleg, men stabil. Åtte andre har fått lettare skadar.

-Mannen som vart drepen i ulukka, og jentene som vart hardt skada, sat alle i same bilen. Alle desse er frå Stord, men ingen skal vera i frå Fitjar, opplyser Operasjonsleiar Agnar Austerheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til Fitjarposten. Til saman var det tre bilar som var innblanda i ulukka. Bilen som vart hardast råka var frå Stord, dei to andre bilane kom annanstadsfrå. Politiet kan på noverande tidspunkt ikkje seia noko om årsaka til ulukka som skjedde rundt kl. 09.30 i dag.

E 39 vart stengt ved ulukkesstaden, og trafikken over Stord vart dirigert om Fitjar på riksveg 545.