Arkivfoto.

Det er ikkje straffbart å køyra på eit dyr, men det er straffbart å ikkje melda frå; det går klart fram av Vegtrafikklova og Dyrevelferdslova.

Ein hjort i vegkanten ved skytebanen i Årskog aktualiserer på nytt spørsmålet om kva me skal gjera når me køyrer på ein hjort eller eit husdyr. I sjutida tysdag morgon i førre veke låg hjorten død i vegkanten, og me går ut frå at den som hadde vore uheldig og køyrt på dyret, hadde gitt beskjed.

Me tar likevel med ein del nyttige opplysningar om kva me bør gjera, og kva me absolutt ikkje skal gjera, om me køyrer på og skader eit dyr.

For det første er det ikkje lov å stikka av: Det er ikkje straffbart å køyra på eit dyr, men det er straffbart å ikkje melda frå. Dette går klart fram av Vegtrafikklova (§12 – plikter ved trafikkuhell) og Dyrevelferdslova (§4 – hjelpeplikt).

Dei generelle instruksane ved påkøyrsel ser slik ut, saksa frå heimesida til Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor:

  1. Ring politiet (02800)
  2. Oppgi tid og stad for påkøyrsel
  3. Beskriv type dyr, og om det var fleire dyr saman
  4. Kan du seie noko om kva skade som er påført dyret?
  5. Om dyret har sprunge vidare – forsøk å legge merke til kva retning det sprang i
  6. Bli på plassen til ettersøksekvipasje kjem
  7. Om du ikkje har mogelegheit til å bli på plassen kan du merke av kollisjonsstaden med plastpose e.l.
Dersom hjorten stikk av, kan ettersøkslaget hejlpa til med å spora han opp. Foto: Kjetil Rydland.

Politiet varslar vidare til den lokale viltnemnda og andre aktørar. Vår erfaring er at du ikkje nødvendigvis må ringja politiet dersom du sjølv klarer å få tak i viltnemnda eller ettersøksekvipasje.

Stord og Fitjar kommunar har avtale om ettersøk og handsaming av vilt som vert påkøyrt i trafikken. Ettersøkslaget for Stord og Fitjar har vakttelefon 991 19 350, og me som kjenner dei aktive sporhundane personleg, får lett tak i dei.

Karl André Rydland er ein av dei som har ein svart elghund med rett kompetanse. Då me slo på tråden i sjutida tysdag morgon, kunne han fortelja at dei allereie hadde fått fleire meldingar om den døde hjorten.

– Men me rykkjer ikkje ut dersom hjorten er død, seier Karl André, det er berre dersom hjorten er ute i terrenget at me stiller opp. Det er Mesta som har ansvar for å rydda vegbanen!

Dødt vilt som ligg i vegkanten, kan meldast inn til Statens Vegvesen på telefon 175.

Tara er elghund, og kan hjelpa til med å spora opp hjort som stikk av. Foto: Kjetil Rydland.

På heimesida til kampanjen Vilt og trafikk finn du mykje nyttig informasjon. Dette er eit prosjekt som blei starta i Hallingdal i 2010 for å redusera talet på viltpåkøyrsler og få til betre varsling og mindre dyrelidingar.

Her finn du kampanjemateriell som kan lastast ned. Du kan òg bestilla viltband med nyttig informasjon både om korleis du kan redusera risikoen for køyra på hjortevilt og kva som skal gjerast om uhellet er ute.

Hugs at det ikkje er straffbart å køyra på eit dyr, men det er straffbart å ikkje melda frå. Bilister taper ikkje bonus eller må betala eigenandel dersom dei har vore uheldige med å køyra på ein sau eller eit hjortedyr.

Både du og det skadde dyret har altså alt å vinna på at du melder frå!