To båtar vart døypte ved Meierikaien i Fitjar i ettermiddag. Ein tredje vart «velsigna».

Det var Sjøtroll Havbruk som gjennomførte dåpsopplegget. Det eine av dei tre fartøya, «Marita», vart døypt for ein månad siden, og velsigninga det fekk i dag bestod i ein blomebukett til John Leon og Marit Waage som eig båten.

Dei to fartøya som vart døypte var Sjøtroll sin sjølveigde båt «Trollbas» med Gunn Evy Henriksen som gudmor og Stava Sjø sin «Smaragd», som er bygt på Fitjar. (Sjå eigen artikkel om det). Gudmor her var Herborg Stava.

 

Rundt 150 personar følgde seremonien. Skulekorpset spela, og det var servert velsmakande kanapéar. Ordførar Harald Rydland uttrykte glede over at ein la seremonien til Fitjar, og Tom Rydland leia det heile på ein god måte.

 

Spesialbygg

Alle fartøya er spesialbygde katamaranar tilpassa oppdrett. «Marita» har vore i drift ei tid, og dei to andre vert sett i drift straks. Desse arbeidsfartøya er vidare utstyrt med kraftige kraner som har en løftekapasitet på mellom 40 og 80 tonn. Tanken er at båtane skal auke kapasiteten på anlegga til selskapet, og alle fartøya skal brukast i fjordane i Hordaland.

Tilpassa

Båtane er utelukkande tilpassa oppdrettsnæringa, og tilfredsstiller alle krav og føreskrifter som ligg føre for næringa. Det er òg solide fasilitetar for mannskapa som skal arbeide ombord.

-Frå fartøyet kan me utføre varierte oppgåver som utsetting av nøter, spyling og reingjering, byte, opptak og transport av nøter og anlegg. I tillegg kan vi utføre avlusing og fortøyingsarbeid, seier administrerande direktør Hans Runshaug i Sjøtroll.

Med fartøya blir det òg enklare å gjennomføre inspeksjonar og ha ein sterkare beredskap i forhold til laksedød og lakserømming.

Sjøtroll opererer i sju regionar og har 20 oppdrettsanlegg. Konsernet er ein av dei viktigaste produsentane i Hordaland.