Fitjar vinn og vinn. Søndag kveld var dei til Bergen og møtte Djerv i ein tett og hard kamp.

Sjølv om bergenslaget hadde mykje av spelet, avgjorde Fitjar endå ein gong ein jamn kamp til sin fordel.

-Djerv hadde nok ballen mest, men me har gode spissar, og gutane kjempa svært godt. Helge Træet var ny kaptein på laget i denne kampen,og spelte kongeleg saman med Tor Jørgen Larsen i dei bakre rekkjene, fortel manager Agnar Aarskog til Fitjarposten Målskårarar for Fitjar var Ronald Skår og Thomas Vestbøstad Waage.