Den kjende songaren og forkynnaren Svein Johnsen kjem tilbake til Fitjar og skal ha møte frå torsdag til søndag. Denne gongen vert møta direktesendt på internett.

– Denne gongen har Johnsen òg med seg dottera Marita og svigersonen Albert Aanensen. Alle tre er framifrå musikarar, med fleire CD-produksjonar bak seg.

– For første gong vil me ta i bruk internett for å overføre direktesendt lyd og bilde. Det må leggjast til at det er bare det som skjer på scena som vert filma. Møtebesøkande kan kjenne seg trygge på at dei ikkje vert kringkasta, opplyser pastor Frank Håvik til fitjarposten.no.

Dei som har lyst til å få med seg sendinga, må finne fram til nettsida til Nytt Liv Sunnhordland (www.nyttlivsunnhordland.no) og følgje instruksjonene der.