Fitjar Teaterlag si ungdomsgruppe vart direktekvalifisert til Revyfestivalen på Høylandet neste år. I tillegg vanka det både publikumspris og pris for det beste musikalske innslaget til vårt lokale teaterlag.

Det var med sketsjen «Sagvågsbuen» at Ungdomsgruppa, beståande av Ole Andre Westerheim, Audun Arthur Mehammer, Ingvild Oma og Marthe Volden Nordfonn, vart direktekvalifisert  til ungdomsarrangementet under Revyfestivalen på Høylandet. «Sagvågsbuen» er ein sketsj som handlar om ein frustrert sagvågsbu som slit med å koma med i gjengen, og endå ein gong synte synte dei ovanfor-nemnde ungdomane nye sider av seg sjølv, og dei syng berre utruleg bra heile gjengen.

Publikumsprisen og Prisen for beste musikalske innslag fekk teaterlaget for «Vindmøllesongen» som òg var med i fitjarrevyen i år. Vel fortjent syntes me. Etter vårt syn sat sketsjen endå betre no enn då me såg han for første gong i sommar.

Fitjar teaterlag hadde heile tre innslag i finalen. Det tredje «Ordførarmedley» nådde ikkje opp denne gongen.

Til finalen kom òg bømlingen Åge Stokken frå Bømlo Revy og allsong med «Campingliv». Han fekk latteren fram både hos oss og publikum, sjølv om han ikkje fekk pris denne gongen.

I tillegg til at ungdomsgruppa til «Sagvågsbuen» gjekk direkte til Høylandet, gjekk òg to andre innslag frå denne regionale revyfestivalen direkte til  Høylandet neste år. Det var Sotra Teaterlag med «Vanja med V», ei blondine som ikkje skjøner kvifor ho strauk i matte, noko imidlertid publikum skjøner svært fort i det ho begynner å snakke. Det siste innslaget som vart direktekvalifisert var Lura Revyteaterlag med «Iphone». 

– Det er første gong me sender tre innslag direkte vidare, seier ein svært nøgd juryleiar Anita Østby. Ho er dagleg leiar i Norsk revyfestival på Høylandet, og sat i juryen saman med Geir Morten Stokken frå Stord og Erik Wist frå Oslo.

Elles fekk Kvam revyteater Bladet Sunnhordland sin pris for beste tekst med «Jasus», Sotra Teaterlag prisen for beste monolog med «Vanja med V» og Mareruth frå Voss prisen for beste sketsj med «Kvardagspraten».