Etter åtte samlingar var det no i desember diplomutdeling og avslutting på haustens babysongkurs.

12 babyar og 10 vaksne har denne hausten delteke på Babysongkurs på Fitjar bedehus i regi av soknerådet. Dei har hatt åtte samlingar der dei har lært mange kjekke songar, regler og aktivitetar som både dei vaksne og babyane har hatt stor glede av. Etter endt kurs var det høgtideleg diplomoverrekking til dei unge kursdeltakarane, som no har eit stort song og musikkrepertoar, og som me har sett at har hatt stor glede av desse musikksamlingane.

Etter jul vert det nytt kurs, og ein kan allereie melda seg på dette. Kurset, som består av åtte samlingar, kostar 140 kroner. Då får alle kaffi eller te på samlingane, eit enkelt songhefte med dei songane og reglene som vert nytta og ein cd som er laga spesielt til babysongkurs og som inneheld ein del av den musikken som vert nytta på kurset. Kursa har vore svært populære, men det er begrensa plassar så det er lurt å vera tidleg ute med påmelding om ein vil sikra seg plass. Oppstart er 12. januar og frist for påmelding er 7. januar. Påmelding og ev. spørsmål kan rettast til Helga Rimmereid 975 28 001 eller Astrid Koløen Prestbø 976 25 833. Påmeldinga må innehalde namn og alder på barnet og namn på den vaksne.

Kurset passar for babyar som er mellom ca ein månad og ni månader ved oppstart, saman med mor eller far eller ein annan vaksen person. Samlingane finn stad på loftet på Fitjar bedehus, annakvar onsdag klokka 10.30, og start med ei songstund på vel 1/2 time der babyane ligg på ei stor dyne på golvet og dei vaksne sit på puter rundt. Etterpå vert det tid til å prata og å eta niste saman. Det vert servert saft, kaffi og te. Matstunda brukar å vera felles for dei som går på babysongkurset og dei som er på småbarnstreff.

På småbarnstreff, som samles i hovudetasjen, er alle som er heime med ungar under skulealder velkomne til songstund, nistemåltid, leik og sosialt samvær. Småbarnstreff krev ikkje påmelding og kostar ikkje noko.

Kari Anita Larsen, Astrid Koløen Prestbø og Helga Rimmereid takkar for kjekke samlingar i haust, minner om at oppstart etter jul vert 12. januar og gler seg til nye treff, med både nye og «gamle» babyar, småbarn og vaksne.