SPAR Fitjar gjekk til topps mellom rundt 70 andre Spar-butikkar i Region Vest, og fekk diplom for beste ferskvareavdeling i 2008.

-Dette stadfestar at det me gjer blir sett pris på av både kundane og kjeden, fortel Odd Sverre Larsen, som synest at damene på avdelinga gjer ein kjempejobb. Han opplyser vidare om at denne konkurransen er to-sidig. Prisen vert delt ut på grunnlag av tilbakemelding frå kundane, og etter kjeden si vurdering på grunnlag av utvikling og drift.