Fitjar kommune feirar frigjeringsjubileumet i morgon med ei enkel markering over Youtube.

– På 75-årsdagen etter frigjeringa av Noreg i 1945 vil det verta halde ei enkel markering ved minnestøtta over dei falne utafor Fitjar kyrkje. Eg vil ha ein kort tale og leggja krans på minnestøtta, opplyser ordførar Harald Rydland i ei pressemelding.

Representantar frå NROF (Norske Reserveoffiserers Forbund) vil bidra med flaggborg under seremonien. 

– Hendinga, som finn stad fredag 8. mai kl 15.00 vil vert overført direkte på Fitjar kyrkje sin YouTube-kanal.  Sendinga kan du sjå ved å følgja denne lenka: https://youtu.be/26NrMrU4o70

Les ogso: Sterk minnetale for dei falne