Orienteringsgruppa i Fitjar Idrettslag har fått i gang arbeid med nytt, digitalt kart over Midtfjedlet. Øyvind Skålevik i Fitjar Idrettslag fortel at det er viktig å få eit nytt, digitalt og heilt nøyaktig kart over Midtfjedlet. Derfor har orienteringsgruppa fått tak i Bergens-firmaet JOW-DAK til å gjera jobben. Dette er eit personleg firma, drive av Jørn Ove Woldsdal, som har over 10 års erfaring med å teikna orienteringskart.

Han har engasjert tre spreke tsjekkiske orienteringsløparar med solid fagleg kompetanse, og denne veka er dei i full sving med å teikna inn alle detaljar som er råd å finna oppe i det aktuelle fjellområdet. I dag var Fitjarposten oppe i fjellet og snakka med ein av dei, ein student ved namn Matéj Klusacek. Me møtte han på nordsida av Svartavatntet, nesten heilt aust ved Kjeringjo. Han hadde berre godord å seia om terrenget; det var det beste terrenget han hadde sprunge i. Han var no heldig med vêret, kan me leggja til. Fitjarfjedlet viste seg frå si aller beste side i kveld.

Dei to andre tsjekkarane er heiltids, profesjonelle kartteiknarar, men til liks med ungdommen er også dei habile orienteringsløparar. Leiaren for teamet, Martin Kratochvíl, fortel at han har vore tsjekkisk meister i skiorientering stafett. Tredjemann, Jan Vyoral, har 9. plass i tsjekkisk meisterskap å skilta med. Men han kan ikkje måla seg med unge Matéj, som har hevda seg godt i junior-VM, fortel han.

Prosjektleiaren Kratochvíl spring rundt i fjellet med ein GPS på hovudet. Den sender signal til ein handhalden «PC Mapper». Denne PDA-en sender igjen info til ein vanleg PC. Dette er ein svært sjeldan metode, som blir nytta av 10-12 personar på verdsbasis, trur Kratochvíl. Dei to medarbeidarane hans har kvar sitt kart og eit sett med spesialblyantar som dei spring rundt i terrenget med. Kartet er sett saman av tre lag, først eit flyfoto og så eit laserscan som viser detaljar i terrenget, ned til 10 cm. Øvst legg dei ein slags folie, som dei teiknar på med blyantane sine. Ute i terrenget bruker dei også kompass og avstandsmålar, men høgdemålar er meir eller mindre unødvendig, for laserscan frå fly er meir nøyaktig. Dagens arbeid blir scanna om kvelden og lagt inn på ein vanleg PC. Så blir det teikna kart i det sveitsiske spesialprogrammet OCAD.

Sigmund Sætre i orienteringsgruppa til Fitjar Idrettslag seier at dei håper kartet skal vera ferdig til nyttår. Det er snakk om ei relativt tung investering for o-gruppa; heile jobben kjem på rundt 120 000 kroner for eit område på 4,5 kvadratkilometer. Eigentleg hadde dei tenkt seg eit dobbelt så stort område, men då ville prisen òg blitt dobbelt så stor. Så det måtte venta i denne omgang.