Førstkomande søndag kan du sjå digital kino for første gong på Fitjar.

Ole Bergesen i FKIB fortel at Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag har gleda av å invitere små og store til den fyrste digital kinoen i bygda!

– Dette er eit stort framsteg for kinopublikummet som vil merke det på kvaliteten på filmane. No er det slutt på pausar og knatring, og det er betre bilete og lyd, opplyser Bergesen, som oppmodar folk til å ta turen til Kultursalen førskomande sundag 16. januar.

– Då er det to kjekke filmar (sjekk annonse), og det vert servert gratis popcorn og brus til dei 10 første som kjøper billettar til denne første digitale visinga, lovar Ole Bergesen til slutt.