Nokon har tappa rundt 100 liter diesel frå ein tank i Årskog Industriområde i natt.

Operasjonsleiar Torgeir Stødle ved Haugaland- og Sunnhordlandpolitidistrikt opplyser at politiet rundt kl. 09.00 i dag fekk  melding frå eit firma på Årskog Industriområde om at nokon har tappa rundt 100 liter diesel frå ein tank over på kanner.

Det kan imidlertid sjå ut som om gjerningsmenna har blitt overraska på staden, i det dei har forlate ei kanne pluss ein påfyllingsslange.

Politiet ønskjer tips i saka.