16. juni vart dei vigsla til diakonar i Ris kirke i Oslo etter fem års studier på Diakonhjemmet. Såleis kallar dei seg 1958-kullet. I helga har dei kull-samling på Fitjar. På biletet ser me «Brødrekoret» med Leiv Stokken ved pianoet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjarposten møtte dei då dei hadde sett seg stemne i Fitjar kyrkje i går kveld. Her fekk dei med seg vakker song av Silje Rydland som mellom anna framførte «Blott en dag» og «Ein fin liten blome», akkompagnert av far sin, Harald Rydland.

Vakker song ved Silje Rydland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Sokneprest Olav Oma helste dei med ord om Han som kom med fred; som bøygde seg ned – og som utsletta skuldbrevet som gjekk oss imot, ved å nagla det til krossen. 

Det var òg song av «Brødrekoret». Diakonane sitt eige kor som no består av menn på rundt 80-år. Imponerande bra, synest me.

Lokalt vertskap
Ein av diakonane i kullet er Leiv Stokken frå Dåfjord.  Han er lokal vert og har lagt opp eit omfattande og flott program for kollegaane sine.
Før samlinga i kyrkja i går kveld, hadde dei hatt middag på Fitjar Fjordhotell.

I dag har dei vitja vindmølleparken på Midtfjellet og Visningssenteret I Engesund, og i kveld skal dei mellom anna ha festmiddag på hotellet og kåseri om Fitjarbygda ved Harald Johan Sandvik.