Haust-turen som Diakoninemnda plar arrangere gjekk i år til Herdla. 45 reiseglade personar hadde sessa seg i bussen ved avgang. Då me kom over Askøybrua, gav Jorunn oss god orientering om dei mange stadene bussen passerte. Vel framme på Herdla, gjekk me nesten rett til bords på Herdlevågen Gjestehus. Velsmakande middag og dessert gjorde oss godt.

Neste stopp var Herdla Museum. Der fekk me sjå film frå krigens dagar og museumsstyraren orienterte. Museet har ei eiga avdeling som gir god informasjon om krigsåra på Herdla og nærliggjande område.

Det var også tid til omvising i Herdla kyrkje. Denne kyrkja fekk store skader under krigen, men vart atterreist og innvigd 1951. Herdla er vel verdt eit besøk. Der er bl.a. Hordaland sitt største fuglereservat. Diakoniturane gir eit fint fellesskap med god prat, song, muntre soger, kaffi og heimebakst. Stor takk til Inger Marie, Anne Grethe og Per Johan!