"Diakoniens dag" vart markert sist søndag med både gudsteneste og middag på Dahlebua. Turid Sandvik skriv:

” Diakoniens dag vart innleia med gudsteneste i Fitjar kyrkje. Kyrkja var nesten full. Det er nok fleire grunnar til det, mellom anna helgemesse.

Sokneprest Oma var forkynnar. Leiar i soknerådet si diakoni-nemnd, Inger Marie Gilje, orienterte om besøksteneste og oppfordra fleire til å melde seg som besøksven.

Etter gudstenesta var det samling i Dahlebua. Dei frammøtte kosa seg med betasuppe, karamell-pudding, kaffe og kaker. Elisabeth Moldestad deltok med song og dikt av eigen produksjon. Per J. Vestbøstad viste bilete frå bygda vår, og frå fleire turar som diakoni-nemnda har arrangert.

Samveret var eit fint fellesskap med god mat og god drøs.”