Rune Aarbø hadde diverre ikkje kameraet i posisjon då han møtte elgku med kalv. Saka blei den aller mest lesne i 2019. Foto: FP-arkiv.

Sommarrevy, kommunestyreval og to engasjerande dyrehistorier er blant sakene som engasjerte mest i Fitjarposten i år.

10. Publikumsrekord då Vamp kom til Kråko: – Rørande at så mange møter opp

Stemninga var på topp under eit av dei store høgdepunkta i kulturåret på Fitjar, då Vamp spelte for eit lite folkehav på Kråko i sommar. Reportasjen vår frå konserten vart lest av endå fleire enn den 1500 som løyste billettar, og blei den 10. mest leste saka i 2019.

9. To mann frakta til sjukehus etter kollisjon på Fitjar

Heldigvis har det ikkje vore nokre alvorlege trafikkulukker på Fitjar i 2019. Men det kunne fort blitt alvorleg då to bilar frontkolliderte på Helland i februar. Saka vart den 9. mest leste.

8. KrF vann valet på Fitjar

Det var naturleg nok stor interesse for resultatet frå haustens kommunestyreval. At KrF vart den store valvinnaren kom neppe som noko sjokk for fitjarbuen, men saka på valnatta vart den 8. mest leste.

7. Fire båtar sto i brann på Kråko

I slutten av august byrja det på mystisk vis å brenne i fleire båtar ved Port Steingard midt på natta. Det var svært mange interessert i å få med seg. Saka vart den 7. mest leste i 2019.

6. Sommarrevyen 2019 – Full fyr i teltet!

Meldaren vår Ingrid Hovstad var svært imponert over årets sommarrevy på Fitjar, og skreiv ei velfortent melding som vart svært godt lest. Saka blei den 6. mest leste i år.

5. Vart rysta over tordentale frå Fitjar-ordføraren under skuledebatten

Det er ikkje ofte Fitjarposten driv med kritisk og undersøkande journalistikk, men det hendte i år, då me brukte mykje ressursar på å få fram kva som skjedde då grendaskulane vart redda i fjor. Då er det veldig kjekt å sjå at det blir teke godt i mot. Ei av desse sakene vart nemleg den 5. mest leste i 2019.

4. Fann død hund i Dåfjorden

Det er ikkje med stoltheit at me må melde at ein «fake news»-sak hamna på topp 10-lista over dei mest leste, men slik blei det. Den døde hunden i Dåfjorden var rett nok død, men det var ingen hund. Nokre dagar og fleire tips seinare publiserte me eit intervju med naturforskar Arild Landa, som kunne slå fast at dette var ein oter.

3. Fitjar-entreprenør avviklar selskapet sitt

I starten av desember kunne Fitjarposten melde at langvarig entreprenør Geir Strand pensjonerer seg og avvikler familiebedrifta. Det var det mange som var interessert i å få med seg. Saka blei den tredje mest leste i 2019.

2. Dette er det nye kommunestyret

Det var stor interesse å lese om kven som vart valt inn i det nye kommunestyret i Fitjar. Saka blei den nest mest leste i Fitjarposten i år.

1. Elg i fitjar!

Den aller mest leste saka i Fitjarposten i 2019 blei saka om Rune Aarbø som observerte ei elgku med kalv over fylkesvegen i Rydlandsskogen. Han fekk ikkje tatt tid til å knipse bilete av elgen. For å illustrere saka brukte difor journalisten eit bilete av Rune saman med ein hare.

For dette fekk for øvrig Kjetil Rydland den interne Beinved-prisen 2019 for beste bildebruk. Dette er ein høgthengande og passe humoristisk pris som blir delt ut til journalistar i regionen i lokala til Sunnhordland like før jul kvart år.