Pandemi, siste nytt og fastlegar engasjerte i 2020.
I pandemiåret 2020 kjem det nok ikkje overraskande på nokon at fleire av årets mest leste sakar handlar om nettopp Covid-19. Likevel var det ogso andre sakar som engasjerte folk i 2020.
Her er dei mest leste sakene i 2020:
10. Flott feiring på Fitjar: sjå bileta her
17.mai-feiringa vart ikkje heilt som «normalt», og mange var interessert i å sjå våre bilete i frå feiringa på Fitjar.
9. Grovt innbrot i Videokiosken på Fitjar
Siste nytt engasjerer alltid, og mange trykka seg inn for å lesa om hendinga som fann stad i januar.
8. Fitjar Mekaniske skal ta i mot 100 nye utanlandske arbeidarar: – Utgjer ein smitterisiko, fryktar rådmannen
Fitjar Mekaniske vart skrive mykje om i 2020, og konflikten mellom verksemda og kommunen rundt dei utanlandske arbeidarane vart særleg omdiskutert.
7. No har Fitjar nest flest koronasmitta per innbyggjar på heile vestlandet
Fitjar sin smittetopp i april fekk lesarane si merksemd.
6. Brann i fartøy ved Fitjar Mekaniske
I oktober fann ei tragisk ulykke stad hos Fitjar Mekaniske, der Robert Bogdan Chorzewski (48) seinare omkom av skadane.
5. Fastelege har sagt opp på Fitjar: – arbeidspresset blei for stort
Fitjar legekontor var eit heitt tema i 2020, og heile tre av plassane på denne lista handlar om fastlegar i Fitjar. På femteplass finn me saka om at Gábor Borgulya gir seg som fastlege på Fitjar legekontor.
4. Seier opp som smittevernlege: – me jobbar med informasjon til innbyggjarane om korona-situasjonen
Medan på 4. plass finn me saka om Waleed Brisam som i mars sa opp stillingane sine som kommuneoverlege og smittevernlege. Brisam har seinare sagt opp stillinga si som fastelege på Fitjar.
3. – Synd og skam at Fitjar kommune ikke takker de ansatte i helse- og omsorgssektoren
Den tredje mest leste saka i 2020 var dette lesarinnlegget frå Waleed Brisam. Her kritiserer han Fitjar kommune for å ikkje takka dei tilsette i helse- og omsorgssektoren nok for deira innsats under pandemien.
2. Første koronatilfelle påvist i Fitjar
Fitjar sitt første koronatilfelle var det mange som ville lesa om.
1. Flyttar heim att til Fitjar for å driva PS Bryggekafe!
Ein real gladsak på topp! Saken om det unge sambuarparet med røter på Fitjar og Stord, som i haust flytta attende til øya for å ta over drifta av PS Bryggekafe i Kråko var den mest leste i heile 2020.