Slik uttrykkjer ho seg ein av naboane til det høge granskogfeltet som no vert hogge.

Det var glede i heimen hos Åse og Åge Tislevoll i går. Nordvest for huset deira på Helland har eit hogstfirma begynt å felle sitkagranene som vart planta for meir enn femti år sidan. Åse fortel at når øvste del av feltet vert hogge kan dei nyte kveldssola to timar lengre. Familien har site mang ein gong på terassen og prata om kor kjekt det skal bli når skogen er borte. Hogst har vore omsnakka i nokre år, ein måtte berre vente på laglege tilhøve for både grunneigar og firma med det rette utstyret. Åse fortel om noko lauvkratt som og skal vekk, det har ein annan grunneigar gitt løyve til, og ho gler seg over meir ljos i stova som delvis  vender mot den tunge granskogen. Elles får me vite at då huset deira vart bygt midt på syttitalet,  kunne ein sjå ei stripe ned til Hellandssjøen. Det høyrest utruleg ut, men det fortel også om god vekst i lauvskogen. På femtitalet vart utemarka ned mot sjøen brukt til kubeite og det var heller ikkje veg frå Helland via Synningjo til Fitjar.                                                                                                                                                                                            Hogst av sitkagranskog rundt om i Fitjar har vore omtala i fitjarposten.no ved fleire høve. Me berre tek opp att at trevyrket er brukande blant anna til husbygging og ved. Den som fyrar med sitkagran,  slepp i alle fall å tømme oskeskuffen så ofte.                                                                                                                                                                                                    Hogstfirmaet tok helgefri etter arbeidet  på torsdag, så me har ikkje kome i kontakt med det. Men spente hellandsbuarar ser fram til meir hogst, og kanskje dei står for fall granene på andre sida av vegen også.    

Ingressbilete: Slik såg det ut torsdag kveld då hogsten var komen i gang. Foto Turid Sandvik.