Orda i teksten tilhøyrer Sukhwinder Koløen. I dag vart det kjent at han er vinnar av Frivilligprisen for 2014.

I tildelinga til prisvinnaren er det lagt vekt på prisvinnaren sitt langvarige og gode engasjement for
 karatetrening for born, unge og vaksne i Fitjar. – Prisvinnaren er eit svært godt døme på god frivilligheit. 
Frivilligprisen var utlyst i Fitjarposten og i bladet Sunnhordland og hadde innmeldingsfrist 31. oktober.
 Det var fire innmeldte framlegg til prisvinnarar. Styret i Fitjar Frivilligsentral er jury. Styreleiar er Geirmund Aga.

– Dette er berre berre kjempestort for meg, og det gjev meg endå meir motivasjon til å halde på. Men eg hadde aldri drøymt om dette. Om eg har ofra mykje tid på dette, så gjer eg berre det eg «lever og åndar for», seier ein svært takksam Sukhwinder Koløen til fitjarposten.no.

Ingressbilete: Sukhwinder Koløen frå i haust då han var i Japan og fekk med seg VM i karate.