
– Gjennom mine mange år som lokalpolitikar i Fitjar har eg aldri fått så mange gode tilbakemeldingar på ei sak som dei eg fekk for julelysa på Storhaugen.
Ein nøgd ordførar Harald Rydland kan konstantera at julelys på Storhaugstårnet vert ein tradisjon, og har i år fått med seg Fitjar Kraftlag som hovudsponsor.
– Telenor Norge sitt antennetårn på Storhaugen i Fitjar er eit landemerke som viser lang veg. I desember i fjor fekk me for første gang prøva ut å ha julelys på tårnet. Tidleg i haust fekk eg spørsmål om lysa kom på plass i år og.
– No kan me med glede melda at lysa er monterte og klar til å skina over Fitjarbygda i den mørkaste tida på året. Dette får me til gjennom godt samarbeid mellom kommunen, Telenor Norge og Fitjar Kraftlag.

Dagleg leiar i Fitjar Kraftlag, Therese Waage Nysæther, synest det er stas at dei får vera hovudsponsor for prosjektet, og på denne måten kan vera med å spreia lys og glede til Fitjarbuar og besøkande gjennom advent- og juletida.
– Utstyret som vert brukt til lyssetjinga må monterast og demonterast kvart år av profesjonelle klatrarar, noko som gjer at det vert ein kostnad som må dekkast. I år er det plassert lys på to sider av tårnet, noko som er endra frå i fjor. Me vil prøva oss fram me kva som tek seg best ut, og tek gjerne i mot tilbakemeldingar på dette, avsluttar Rydland.