I midten av mars kom det trillinglam til gards på Helland.

Sauemora hadde gøymt dei på ein lun plass, og alle greidde seg fint. Det var tydeleg at trillingane hadde fått mat medan dei låg ute. Den tidlege lemminga var ikkje etter planen, men kva gjer vel det når alt gjekk så vel. Lamma har gode kår i ein garde for seg sjølve der mora passar godt på. Dei får ikkje vere ute enno.  Då fotografen kom, trampa ho i golvet. Snart får denne vesle flokken selskap når dei andre sauene lemmer. Så får me tru at temperaturen vil bli av det varme slaget framover. Då kan lamma etter kvart  få vere ute saman med mødrene sine, og så kjem nok dei etterlengta grøne grasspirene.

Vanlegvis får saueflokken seg ein luftetur på beite. I dag skifte veret fort frå sol til snø og sludd fleire gonger. Då snudde sauene og sette kurs mot sauehuset att.