Den kalde nordavinden gjorde det godt å kome inn i ei varm kyrkje i ettermiddag, og den vakre songen og musikken varma innerst i sjela.

Gurid Refvik innleia minikonserten med å synge blant anna Rydd vei for Herrens komme. Salmar og songar høvde godt til ei mørk og kald adventstid der me tenner ljos og ser fram til julehelg. Silje Rydland song Tenn lys (E. Skeie/S. Tveit). Osternes Mannskor framførde blant anna Joleklokker over jord (R. Nordraak) og Nordsjøkatedralen, arrangert av Svein Tørnquist. Ole Christian Ottestad spela saxofon då Tom Rydland song Blå salme (Erik Bye) og Lys i mørketida. Tekst og melodiar i dei mange framførde songane slo liksom rot og skapte noko godt. Fitjar ad hoc ensemble ( Heine Helland, Steinar Vik, Martin Hatlevik, Ole Christian Ottestad og Harald Rydland) spelte og fekk tonefølgje av Hans Kobberstad på fele.

Eli Simonsen presenterte dei ulike innslaga på sin lune og godt førebudde måte. På vegne av Fitjar fellesråd takka ho alle som deltok i konserten. Det vart og retta stor takk til dei mange som har gått i bresjen for å skaffe flaumljos ved kyrkja og Håkonarstatuen: Bygdekvinnelaget, ljoskomitéen, næringslivet, dugnadsgfolk og dei som tok seg seg av loddsal og alle som gav gevinstar. Minikonserten vart arrangert for å markere flaumljoset som skal lyse året rundt når det er mørkt.

Kollekten ved utgangen gjekk til flaum-ramma på Filippinane.