Diakoninemnda arrangerte haust-tur til Avaldsnes sist veke. Trass i dårleg vermelding skein sola då turfølgjet var ute og gjekk.

Diakoninemnda arrangerte haust-tur til Karmøyd sist veke. Første etappe av turen gjekk til Olavskyrkja på Avaldsnes. Trass i dårleg vermelding skein sola då reisefølgjet skulle ut på den første omvisinga. Guiden fortalde om kyrkja som er frå 1250-talet. Ho er den einaste av dei fire kongelege kollegiatkyrkjene som framleis står. Alle let seg imponere av det flotte altarpartiet. Ikkje noko underleg at kyrkja er ein populær stad for bryllup. På utsida står ein 7,5 m høg bautastein som vert kalla Jomfru Maria si synål.

I nærleiken ligg Nordvegen historiesenter. Der fekk me sjå film og kunne gå frå rom til rom og sjå attende på Noregshistoria med Harald Hårfagre i sentrum. Det var jo han som fekk æra av å samla Noreg til eitt rike etter slaget i Hafrsfjord.

Snart køyrde bussen vidare til Visnes der eit koparverk kom i drift alt i 1865. Koparen hadde høg kvalitet. Difor vart han m.a. nytta i Frihetsstatuen i New York. Museet og eit stort område på minst 167 mål vert forvalta av stiftinga Vigsnes Grubeområde. Her finn ein det mest brukte turområdet på Nord Karmøy, med både ride- og turstiar og den herskaplege Fransehagen.

Då bussen svinga inn til Park Inn Hotell, fekk me ei triveleg pause. Det vart servert  lunsj med varm og kald mat og deilige dessertar, og me hadde god tid til å prate med kvarandre.Etter å ha sett ein tredimensjonal video frå Sunnhordland og Haugalandet, kunne me nyte kaffe og tebrød på kaiområdet midt i Haugesund.

På heimturen var det nok nokon som tok seg ein liten middagslur, men vart vekt av gode historiar og allsong. Soknepresten avslutta med ein kort andakt. Inger Marie Gilje som er leiar i diakoninemnda, takka alle for ein hyggjeleg tur.