Fitjarkunstnaren Jørund Fjøsne står bak prosjektet som høyrer til i grenselandet mellom scenekunst, biletkunst og musikk. Det er duka for tre forestillingar utanom det vanlege her i Sunnhordland.

Sunnhordlandskunstnarane Jørund Fjøsne og Knut Vaage står bak prosjektet saman med BIT20 Ensemble. Regi og scenografi er ved Jørund Fjøsne. Musikken er av Knut Vaage. Stord kulturskule, Bømlo kulturskule og Kvinnherad kulturskule er medarrangørar. Det vert 3 førestellingar. Fredag 20. februar i Stord kulturhus, laurdag 21. februar i Bømlo kulturhus og søndag 22. februar i Husnes kulturhus. Publikum kjem til å få oppleva ein særeigen scenografi der papir og lyssetting vil skapa eit rom som står til, og kommuniserer med, musikken, dansen og publikum. 9 dansarar frå Stord, Bømlo og Kvinnherad har øvd saman med prosjektskapar Fjøsne og danselærar Magdalena From Delis. Dei har skapt ein særeigen dans og «papirskulpturrørsle» til spesiallaga musikk av Vaage, som under førestillinga vert spelt «live» av 13 musikerar frå det internasjonalt kjende BIT20 Ensemble frå Bergen.

Det vert og framføring av musikk som lokale born har laga saman med komponisten, og det vert stilt ut papirskulpturar som born har laga saman med Fjøsne.

Vil du få med deg ei kulturoppleving du garantert ikkje har sett og høyrt før bør du gripa sjansen no.

Billettar får ein ved å kontakta det aktuelle kulturhuset.

Du kan lesa meir om Papir på www.stord.kulturhus.no , www.bit20ensemble.no og www.nyop.no.