Sist fredag kl. 12.00 laga REMA 1000-kjøpmann Jan Stian Taule i Fitjar to plakatar med artig vri. Så la han dei ut på facebook. Då tok det heilt av.

Då fitjarposten.no var innom butikken litt før kl. 14.00 i dag, synte dataskjermen 187 392 visningar for den eine plakaten og 158 784 for den andre. Me kunne òg sjå at rundt 800 til saman hadde delt desse statusane. (Sjå plakatane ved å klikke på ikonet til høgre).

– Heilt surrealistisk, men kjempegøy, smiler Taule, som har fått mange artige og positive kommentarer tilbake for «stuntet». 

Me får òg vite at Taule gjorde ein liknande gimmick for fem år sidan. Då med ein annan REMA 1000-butikk. 

– Då hadde eg rundt 20 våtdrakter som eg ikkje vart kvitt. Så då laga eg ein plakat der eg skreiv:

«Bergensbunad»
(våtdrakt)
kan brukes både på regnværsdager og godværsdager.»

– og våtdraktene forsvann i løpet av dagen.