Det spirer og gror i småskogen i Fitjar-fotballen. Mange talent er i ferd med å vekse fram. Det kunne me sjå då me vitja turneringa i samband årsavslutninga for 2.-4. klasse på Fitjar kunstgras i går ettermiddag.

 – Det er tredje gongen fotballgruppa arrangerer felles årsavslutning, noko som er ei positiv oppleving både for trenarar og spelarar. Her må ein spele på lag med andre enn dei ein vanlegvis spelar saman med, og trenarane får ansvar andre barn ein dei trenar til vanleg, fortel Anne Helene Vestbøstad i fotballgruppa.

Ho kunne vidare fortelje at det var rundt 75 fotballspelarar i aksjon i går, fordelt på fem jentelag og sju gutelag. 

Det var i det heile eit yrande liv på banen, og til slutt vanka det hot dog og ein liten premie på alle.

Onsdag 31. oktober vert det felles avslutning for fotballspelarane i 5.-7. klasse, etter same modell .