Ordførar Harald Rydland. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Kriseleiinga i Fitjar har hatt eit kort møte i ettermiddag, og kan fortelja at dei ikkje har fått melding om nye koronasmitta i kommunen.

Ordførar Harald Rydland ber innbyggjarane forhalda seg til dei nasjonale karantenereglane, og fortel at dei ikkje kjem med tilrådingar utover desse for no.

Han minnar om at kommunen sitt råd når det gjeld kulturelle aktivitetar og sosiale samankomstar er at det som kan utsetejast, bør utsetjast.

– Me oppmodar dei som skal feira halloween denne helga om å lesa gjennom dei nasjonale tilrådingane som ligg på Helsenorge sine sider, avsluttar Rydland