Harald Rydland i Fitjar KrF meiner grendaskulane kan reddast. Foto: Kjetil Rydland.

DEBATT: Me i Fitjar KrF har i haust arbeida hardt for å finna eit forsvarleg økonomisk opplegg som kunne berga dei gode grendaskulane i Fitjar gjennom denne perioden og

Av: Harald Rydland,
Gruppeleiar i Fitjar KrF

Eg har vore med i kommunestyret i Fitjar sidan 1992 og følgt kommuneøkonomien tett heile tida.

I haust har eg stussa over budsjett-tala som har vorte serverte. Så seint som i september la rådmannen fram eit oversyn som viste at kommunen kom til å gå med meir enn 15 mill. i underskot kvart år frå 2021 og framover, dersom me ikkje føretok drastiske grep. Dokumentet viste først og fremst ein formidabel vekst i utgifter, medan nedgangen i inntekter var helst beskjeden.

Då rådmannen la fram budsjett og økonomiplan i november fann me heilt nye tal i dokumenta. Her viser det seg at inntektene frå 2019 – 2022 kun går ned med ca. kr. 800.000. Rådmannen har gjort nokre grep i økonomiplanen, både på inntekts- og utgiftssida, som gjer at det i løpet av dei neste fire åra ligg inne eit samla overskot på vel kr. 4,5 mill. For ikkje å trøytta deg som les dette, skal eg ikkje dra fram fleire tal her.

Me i Fitjar KrF har i haust arbeida hardt for å finna eit forsvarleg økonomisk opplegg som kunne berga dei gode grendaskulane i Fitjar gjennom denne perioden og. Med dei siste tala me har fått frå rådmannen meiner me det skal vera råd å få til. Grendaskulane har ein viktig funksjon for bygdene,og det pedagogiske tilbodet er godt. Difor er det i all hovudsak økonomiske forhold som gjer at nedlegging av skular står på dagsorden.

Dei siste 25 åra har det vore både opp- og nedturar for kommuneøkonomien i Fitjar. Fleire gonger har det vore snakk om å endra skulestrukturen for å unngå økonomisk uføre. Dette har så langt vore unngått. Sjølv gjennom den tunge perioden då Fitjar kommune hadde store underskot og var på den berykta ROBEK-lista greidde me å ta vare på grendaskulane.

Kommuneøkonomien lever heile tida. Tal me har henta ut frå rekneskapa dei siste ti åra viser at resultatet så godt som kvart einaste år har vorte langt bedre enn både rådmannen og kommunestyret såg for seg. Noko som igjen har ført til at kommunen i dag har trygg økonomi og godt med reservar ståande på disposisjonsfond. Fitjar kommune har og fått på plass eit svært godt system for økonomisk styring og kontroll. Når dette fungerer er kommunestyret til ei kvar tid i stand til å ta dei grepa som må til for å hindra økonomisk uføre.

- Annonse -

Me i Fitjar KrF meiner at verken økonomi eller andre forhold krev at det vert gjort vedtak om nedlegging av grendaskulane no. Difor har me sett opp eit alternativt framlegg til budsjett og økonomiplan som me la fram i formannskapet. Me er opne for å gjera justeringer i deler av framlegget dersom det kan sikra fleirtal i kommunestyret på onsdag.

Dei avgjerdene som me meiner er uheldige, og som me ikkje ynskjer å ta, treng me ikkje ta før me er sikker på at det er nødvendig.