Ungdomsrådskoordinator Bente Bjelland er grenselaust stolt av det nye rådet!

Av: Harald Johan Sandvik

Det nye ungdomsrådet i Fitjar vart presentert på kommunestyremøtet sist onsdag. Her kjem talen kultursjef og ungdomsrådskoordinator Bente Bjelland heldt, og namna på medlemene:

«Det er ei glede for meg å presentere Fitjar ungdomsråd. Her har me med oss nye og gamle medlemer. Me har og ei ny samansetning av verv.

Men først vil eg nemne ein del av det ungdomsrådet har halde på med det siste året. 2 LAN, dataparty, har vorte arrangert i idrettshallen på FKIB med stor suksess, sameleis vart  Fitjar got talent og diskotek godt gjennomført i samband med  Fitjarfestivalen, møte med Tide for å forbetre busstilbodet rundt bussar som ikkje held rutene, noko som har hatt god effekt. Dei har deltatt med representantar på Ungdommens Fylkesting, dugnad på open dag på Årskog museum, hatt innspel til revidert budsjett, skulebruksplan og på budsjetthøyring med gode innspel og i tillegg har det vore mange andre saker.

Dei er ein svært engasjert og ansvarsfull gjeng som eg er svært  takksam for å få lov å jobbe i lag med. Og eg må sei eg er svært stolt av dykk!»

Frå høgre mot venstre:

Oda Volden De Fine,  leiar

- Annonse -

Romante Zemgulyte,  nestleiar

Tuva Nysæther, presseansvarleg

Hanan Anwar Ahmed, sekretær

Tori Vestbøstad

Håvard Fitjar, medlem

Mathilde Kloster, medlem

Ida Marie Sandvik, medlem

Sondre Fitjar, Ny medlem

Julian Helland, Ny medlem

Julie Torvund Midtsæter.

Ressursperson Eirin Moldestad Oma og medlem Eline Fitjar Hjelle var ikkje til stades.

Eg vil særskilt ynskje hjarteleg velkommen til dei 3 nye medlemene og vil avslutte med at  gler meg svært mykje til eit nytt år med nye spennande oppgåver i lag med dykk alle saman.»

Bente Bjelland

Ungdomsrådskoordinator