Klakketolet me har sett på, kjem ikkje frå Osternes, men er ein kopi av eit gammalt klakketol frå Fodno.

I haust vil me presentera ein del ulike ulike reiskapar og verktøy som har gått ut av bruk i primærnæringane hos oss. Me veit ikkje alt om desse reiskapane, og tar gjerne imot tilleggsopplysningar eller rettingar.

Det første verktøyet me har funne fram, blei forbode å bruka fleire tiår sidan, av grunnar som ikkje er vanskelege å forstå. Eit klakketol blei brukt til å sterilisera hanndyr fram til ein gong på 1900-talet.

Å klakka tyder å sterilisera ved å knusa testiklane. Opphavet til ordet ser ut til vera norrønt; ifølgje Nynorskordboka er det i slekt med å banka, slå eller smella, det er lyden verktøyet lagar når det blir brukt. Og tol treng me ikkje reisa til England for å finna opphavet til, me finn det i norrønt, og tyder reiskap eller verktøy.

Me som har levd ei stund, har oftast høyrt om det i samband med å klakka bukkar. Grunnen til det er at kjøtet får ein vond grasmak (ikkje gras- men gra-) når bukken berre er nokre få månader gammal. Også andre hanndyr blei klakka i tidlegare tider, til dømes verar og stutar. Kjøtet på veren får og ein vis grasmak etter kvart, medan stutakjøtet ikkje blir prega på den måten. Men det kan ha sine fordelar å sterilisera ein stut fordi han då blir lettare å ha med å gjera når han blir stor.

For ei tid sidan var me med på sterilisering av bukkjekje på den humane og lovlege måten. Dei små kjea fekk lett narkose i tillegg til lokalbedøving før inngrepet. Lukkeleg uvitande om kva som gjekk føre seg, blei dei fråtekne evna til å forplanta seg. Sjølvsagt blei ikkje testiklane knuste, men sædstrengen blei øydelagt, slik at bukkane ikkje lenger var avleføre.

At klakketol var eit vanleg – og viktig – verktøy i gamle dagar, går fram av dette sitatet, som Jens L. Rydland i si tid snappa opp hos ein avdød og ikkje namngjeven osternesing. I omtalen av ein veldriven gard i Osternes, truleg samband med egedomsoverdraging, fall desse bevinga orda:

– Og klakketolet er det likaste i heile Osternes-krinsen!

Ingressbilete: Dette klakketolet kjem ikkje frå Osterneset, og har aldri vore brukt til klakking. Foto: Kjetil Rydland.