Alle har nok lagt merke til den store forandringa i nærleiken av blomsterbua.

Området her er eitt av dei som fekk negativ omtale av ein fitjarpostlesar i fjor sommar. Levegg og pergola er på plass, men det ser eigentleg litt uferdig ut. I samtale med ordførar Wenche Tislevoll får me stadfesta at meir skal gjerast. Hellene som vart gravne opp, skal leggast ned att. På delar av den murte leveggen skal det setjast opp spiler. Pergolaen vil etter kvart bli beisa med ein mørk farge; det gjeld også bord og benker. Dessutan er det planen å plante rundt pergolaen og litt andre stader. Noko av arbeidet kjem i gang att i haust og elles til neste år. Me spør om det skal leggast tak over pergolaen? – Truleg ikkje, seier Wenche, men føyar til at forandring kan skje.

Litt av arbeidet som er utført til dessar er gjort på dugnad.

Elles finn me det høveleg å nemne dei fine blomsteropphenga som er på plass mange stader  denne sommaren og. Bygdefolk og tilreisande legg merke til desse og gjev ros til ekteparet Tora og Torvald som framleis tek ansvar for dette.

Vakker blomsterkasse som det er mange av rundt om i sentrum. Foto Turid Sandvik

IMG 9619

Blomsterkassene er plasserte mange stader langs hovudvegen gjennom sentrum. Foto Turid Sandvik