Laurdag ettermiddag var det kokkekamp mellom kjendiskokkane Geir Skeie og Frode Aga!

På Fitjarfestivalen er det stort fokus på mat, først på grunn av den lokale satsinga på produksjon av bær, kjøt og poteter, men også fordi bygda har ein kokkeskule som har lært opp mange kjende og dyktige kokkar!

Martin Nysæther tok initiativ til å invitera dei to kjende kokkane Geir Skeie og Frode Aga til konkurranse. Dei fekk tildelt kvar sin lokale assistent: Sokneprest Olav J. Oma i Fitjar på Geir Skeie sitt lag, og sokneprest Roald Drønen – som også bur på Fitjar – på Frode Aga sitt lag. Frode Aga kommenterte straks at ”Ingen ting er umogeleg for kokkar og Gud!”

Terje Træet var konferansier, og sette i gang den 30 minutt lange seansen. Normalt skulle ein slik konkurranse ta 20 minutt, men det vart fortalt at då kokkane såg assistentane, vart tida utvida til 30 minutt! Kokkane var spente på kva råvarer assistentane hadde med, og Roald viste fram innhaldet i posen: Fem brød og to fiskar! Det meinte Roald skulle halda til heile det store publikumet på Sjøsio!

Det synte seg at det var kjøpt inn litt meir, også. Rosa lag med Geir og Olav sette i gang med tre retters middag: Blåskjelsuppe med brød til forrett, lyr med blomkål og fitjarpoteter til hovudrett, og til dessert bringebær frå Prestbø med krem av naturell yoghurt, fløyte, nysteikt knust kjeks og basilikum.

Gult lag med Frode og Roald serverte forrett med skinke frå Stranda, Blue Castello, rømme og grønt pluss Avocado. Deretter lappar frå Bygdekvinnelaget med naturell yoghurt, bjørnebærsylte og pasjonsfrukt. Hovedretten var grilla gourmet høne med råsteikte poteter og litt til. Til dessert laga dei karamelliserte nektariner med ein dash konjakk. Desserten skulle eigentleg flamberast, men ingen hadde kjøpt fyrstikker!

Gult lag brukte tida fullt ut, og rosa lag var ferdig øyeblikket etter. Publikum fekk utdelt rosa og gule stemmesetlar for å kåra sitt favorittlag. Det var ikkje enkelt å telja stemmene, men den oppsette juryen dømde uavgjort i den store kokkekampen!
Til slutt vart dei ferdige menyane auksjonerte ut: Alf Træet kjøpte Roald Drønen / Frode Aga sitt måltid, medan Geir Alnes, som har hytte på Kråko, fekk tilslaget på resultatet av Olav Oma / Geir Skeie sin innsats.