Ungane hadde venta ei stund på å få lov til å bada. Mor frykta at vatnet var kaldt, men i Breiavikjo var det langt varmare enn forventa.

Det var 23 grader i skyggen då me kom til Breiavikjo klokka halv fire i dag. Til vår store overrasking hadde me heile stranda for oss sjølv. Ungane kom raskt ut i vatnet og la snart på svøm. Me målte temperaturen i vatnet til heile 18 grader.

Etter kvart kom det sigande på med meir folk. Nokre mødre frå Skålavikjo stod i vannkanten og betvilte ikkje våre temperaturmålingar: "Det er faktisk så varmt at til og med mor kunne  badet, dersom hon hadde hatt med seg badekle….". Helena var den einaste som påstod at vatnet var litt kaldt! Men det la uansett ingen dempar på badegleda. 

Det var ikkje lett å få ungane med heim igjen denne ettermiddagen…..

Er det nokon som betviler vår måling av temperaturen i vatnet må dei gjerne ta turen til Breiavikjo og sjekka sjølv. Det er god plass på stranda, og på parkeringsplassen.

gli steroidi