Arkivfoto/pressefoto

Det er ikkje noko nytt å melda om når det gjeld smittestatus i Fitjar, men ordføraren oppmodar folk til å fortsatt ta pandemien på alvor.

Ordførar Harald Rydland melder at Fitjar er i gong med å planlegga korleis vaksineringa vil føregå i kommunen når den tid kjem, og at kommunen vil koma med meir informasjon om dette på nettsida si fortløpande.

– Smittevernlegen har fornya vedtaket om besøksrestriksjonar på sjukeheimen fram til 5. januar 2020. Vedtaket går ut på at dei som bur der kun kan ha besøk av to personar om gongen. Desse skal bruka munnbind og halda to meter avstand. Nytt i vedtaket er at tidspunkt for besøk må avtalast med sjukeheimen på førehand. Dette er no det einaste lokale vedtaket me har etter smittevernlova.

Rydland fortel at ein kan finna ein oppdatert koronaplakat på Fitjar si nettside.

– På den har me nyttig informasjon til innbyggjarane. I Fitjar held me oss til dei nasjonale råda når det gjeld smittevern. Dette gjeld m.a. råd for jule- og nyttårsfeiringa, testing, karantenereglar, sosiale samlingar, kultur, idrett m.m. 

– Jule-og nyttårshøgtida kan for mange vera ei utfordrande tid, særskilt i år. På plakaten er det lagt ut informasjon om nasjonale og lokale tilbod til personar som treng nokon å snakka med, avsluttar Rydland.