Jon Askeland på Stord i fjor sommar. Foto: privat

Orda kjem frå fylkesordførar Jon Askeland. I eit brev til landbruks- og matdepartementet summerer han behovet for resten av året til 34 millionar kroner.

Vestland fylke har fått 72 millionar kroner til investerings- og bedriftsutviklingsmidlar (IBU) i år.

– Grunna stor etterspurnad er desse pengane nesten oppbrukt. Vi har fått melding om stor interesse frå landbruksnæringa om å investere. Innovasjon Norge kalkulerer behovet til 34 millionar kroner for resten av året. Vi veit at delar av næringslivet i Vestland er hardt råka av koronapandemien. Lokalsamfunna treng difor arbeidet som investeringar i landbruk utløyser, seier fylkesordføraren.

Vilje til investeringar

I brevet til landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad oppmodar fylkesordføraren om å tilføre meir investeringsmidlar til landbruket for hausten 2020.

– Vi ønskjer å nytte investeringsviljen i landbruket til å halde bedrifter i gang og folk i arbeid i ei krevjande tid. Landbruket utløyser investeringar i andre sektorar. Innovasjon Norge reknar med at IBU-midlar i 2020 utløyser totalinvesteringar på oppunder 200 millionar kroner i mjølkeproduksjon i Vestland. I tillegg kjem investeringar knytt til ungdyr,  ammekyr og andre produksjonar, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Investeringar i produksjonsanlegg

Innan tradisjonelt landbruk blir IBU-midlar nytta til investeringar i produksjonsanlegg, driftsbygningar, investeringar innan frukt og bær, kjøp av produksjonsutstyr og anna. Eigarar av landbrukseigedomar kan og søkje om IBU-midlar til å utvikle tilleggsnæringar på garden.

Oppmodinga om dei ekstra 34 millionar kronene er tenkt brukt slik: 12 millionar kroner til mjølk, 6 millionar kroner til sau, 6 millionar kroner til andre husdyr, 4 millionar kroner til tilleggsnæring og 6 millionar kroner til grønt.

Mjølk er berande produksjon

Vestland er eit grasfylke, og mjølk er den berande produksjonen.

Tor André Ljosland er leiar i hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune. Han konstaterer at Vestland har stort behov for å legge om til lausdrift for å møte lausdriftskravet som kjem i 2034.

– Det er behov for 26 nye fjøs i året fram mot 2034, dersom mjølkeproduksjonen i Vestland skal vidareførast som lausdriftsfjøs. Difor er det særs gledeleg å sjå viljen bøndene har til å investere. Det er uheldig om investeringsviljen blir stoppa av mangelen på midlar, seier Ljosland.