Verftsdirektør Hugo Strand møtte Fitjar-ordførar Harald Rydland til duell. I midten programleiar Fredrik Solvang. Skjermbilde: NRK

Det var tidvis høg temperatur mellom ordførar Harald Rydland (Krf) i Fitjar og direktør for Fitjar Mekaniske Verkstad, Hugo Strand.

Det har vore svært stort engasjement i lokalsamfunnet etter at Stord24 først skreiv om at Fitjar Mekaniske planla å ta inn 100 nye polske arbeidarar midt under koronakrisa.

NRK hadde også fått med seg den konfliktfulle saka, og inviterte difor ordføraren i Fitjar og direktøren for Fitjar Mek. til programmet Debatten, leia av Fredrik Solvang. Verftsdirektør Strand gjorde då sitt for å forsvare bruken av utanlandske arbeidarar.

– Me må ha arbeidskraft for å halde hjula våre i gang. Dei som kjem sit i karantene, er friske og raske. Dei oppheld seg i to brakkeriggar, og kommunen har sett veldig strenge avgrensingar for kor dei kan bevege seg, sa Strand.

– Så må me ta med at helsevesenet på Vestlandet taklar dette bra så langt.

Ikkje tida for å ta inn masse nye folk

Det ville ikkje Fitjar-ordføren gå med på.

– Oppdraget mitt som ordførar er at kommunen må setje liva og helsa til innbyggjarane først. helsevesenet er ikkje veldig robust, for me har tre fastlegar og to av dei er i karantene. Me har fått smitte på sjukeheimen og måtte isolere alle som budde der. Då er ikkje tida for å ta inn masse nye folk til kommunen, sa Rydland.

– Me vil oppmode deg til å finne andre løysingar. Eg ønskjer ikkje at de tek inn fleire, sa Fitjar-ordføraren.

Det kunne ikkje Hugo Strand love. Han nytta heller høve til å kome med eit lite spark til ordføraren.

– No er det større sjanse for at våre arbeidarar blir smitta av Fitjar-folk enn omvendt.

– Det kan du ikkje seie, avbraut Rydland.

– Det er fem folk i Fitjar som er smitta, og då er talet sannsynlegvis høgare. Det er ingen av dei 50 arbeidarane som no sit i karantene som er smitta, og dei har vore her ei veke no, sa Strand.

Fryktar ikkje ettermælet sitt

I prgrammet gav verftsdirektøren eit bilde på kor mykje dei vil tape dersom dei ikkje hadde nytta nokon utanlandske arbeidarar i denne perioden. Ein sum på 10 millionar kroner ved ei tre månadars utsetjing på levering av båtane dei no har inne.

Programleiar Fredrik Solvang spurte vidare Fitjar-ordføraren om han frykta ettermælet sitt dersom Fitjar Mekaniske skulle gå konkurs som følgje av oppmodinga om å ikkje nytta utanlandsk arbeidskraft no.

– Eg fryktar ikkje ettermælet mitt. Det eg gjer er å ta vare på liv og helse til innbyggjarane våre. Me har fått innspel frå innbyggjarar som jobbar på verftet som er bekymra for seg og sine, sa Rydland.