Fitjar barnegospel inviterte til bollefestbasar på bedehuset torsdag kveld. Ungane syns det var kjempegøy, både å syngja, eta bollar og å ha basar, og det såg ut til at dei vaksne koste seg og.

Ungane i koret hadde invitert med seg slekt og venner, og då klokka passerte 17.30 var det fult rundt alle borda på bedehuset. Eit raskt overslag sa oss at det var ca. 170-180 stykke samla til bollefestbasar. Det heile starta med ein konsertavdeling ved barnegospel. Dei starta med si vante oppvarming: «Om eg er liten eller stor» og «Halle-halle-halleluja, det bob-bob-bob-bob-bobler inni meg.» Så kom ein av favorittane, og det lyste og høyrdes lang veg: «Det er gøy, gøy, gøy å rope høyt, høyt høyt sammen med mine venner! Det er gøy, gøy, gøy å rope høyt høyt, høyt, det er Jesus som vi kjenner!». Ein annan song som dei og syng svært godt på er «Den største gleden som jeg har». Og gleda deira er tydeleg, flott å sjå på og fint å høyra på. Stolte foreldre, besteforledre, søsken og venner fekk applausen til å runga etter kvar song.

Men dette skulle ikkje vera ein rein konsert, det skulle og bl.a. vera basar. Basar til inntekt for Barnas misjonsprosjekt som Norsk luttersk misjonsamband har i Peru. For at ungar der skal få høyra om Jesus, og få reisa på leir, slik mange her i Noreg gjer. I samband med presentasjonen av prosjektet introduserte Steinar Vik tilhøyrarane for ein god og trygg internettplass for ungar, som heiter superblink.no. Der finn ein superblinkland, og mange kjekke oppgåver og spel.

Sokneprest Olav Johannes Oma var med på bollefestbasaren, både som far og for å ha andakt. Han sa at hadde han vore 5 år, så ville han og vore med i koret og sunge så høgt og så fint han berre kunne, slik de ungar gjorde i dag. Vidare fortalde han om korset til biskop Hagesæter som var på besøk hos oss i fjor. Korset som viser oss kor glad Gud er i oss, kor verdifulle me er. Korset fortel oss at Gud elskar menneska. 

Så var det mat, med bollar, kaker, saft og kaffi. Ungane, og delvis dei vaksne, heiv seg over maten medan dei plukka fram tjukke lommebøker klare for å kjøpa lodd. 1000 årar forsvann ut som varmt kveitebrød, og gav 10 000,- direkte til Barnas misjonsprosjekt i Peru. Prosjektet kan ein kan følgja med på i superblinkland. Ungane i koret hadde sjølv kome med gevinstane, og det var mykje flott å vinna. Det var høg spenning under trekkinga, og stor glede å spora hos dei som vann. Dessverre vann ikkje alle, slik er det på basar. Men alle hadde likevel hatt ein flott bollefest.

Neste veka vert det ikkje korøving, så no er det to veker til det igjen vert «gøy, gøy, gøy! » på Fitjar bedehus. Leiarane i barnegospel takkar alle som kom på bollebasaren og var med å gjera det til ein fest, dei takkar alle som hadde bakt, alle som hadde gitt gevinstar og alle som kjøpte lodd slik at den kan senda ei stor handsrekning til prosjektet i Peru!