Karen Elisabeth Rydland Sæbø. Foto: Fitjar Senterparti

Me har stilt 6 spørsmål til dei fem førstekandidatane for det komande kommunevalet i Fitjar kommune. Her kjem Karen Elisabet Rydland Sæbø frå Senterpartiet sine svar.

– Kva er dine viktigaste kampsaker for den komande kommunestyreperioden?

Eg ser ikkje for meg arbeidet i kommunestyret som ein «kamp» og har ikkje tenkt på sakene me skal meina noko om som «kampsaker», men dei viktigaste sakene for Senterpartiet og meg som det kan bli diskusjon om er nok skule i krinsane. Me vil arbeida hardt for å oppretthalda skulane i Øvrebygda og Selevik. No er skulebruksplanen vedteken for 4 år og der er drifta ved skulane vedteken å halda fram, heldigvis.

Andre viktige saker er for eksempel å få til ei fornuftig forvalting av strandsona. Den felles strandsoneplanen me har venta fleire år på vart ikkje noko av så no treng kommunen å få på plass ein plan det går an å bruka i forvaltinga.

Vidare blir det svært spennande å sjå i kor stor grad kommunane får vera med og bestemma over vindkraftutbygginga. Slik det ser ut no er det lokalt brei semje om at me ikkje treng fleire vindmøller i Fitjarfjellet. Dette vert difor truleg ikkje ei kampsak oss partia i mellom. Om det vert nødvendig å kjempa ein kamp mot overordna mynde håpar eg dette vert ein felles kamp alle partia i Fitjar står saman om.

– I fjor vart det ein hard kamp om grendaskulane. Er det aktuelt å vurdera nedlegginga av dei to grendaskulane på ny om budsjettet ikkje strekk til?

Senterpartiet vil arbeida for krinsskulane. Me har tru på at krinsskulane er viktige for å halda oppe busetnaden i kommunen, noko som igjen gir oss fleire inntekter. Ved å ha krinsskular kan mange fleire av elevane gå eller sykla sjølv til skulen – for Senterpartiet er dette eit viktig mål i det førebyggjande folkehelsearbeidet. Me vil i første omgang forholda oss til vedteken skulebruksplan, altså må me i mål med budsjetta og samtidig oppretthalda skulestrukturen slik den er i dag. Dette håpar og trur eg me skal få til. Det er mange andre faktorar som varierer i eit kommunebudsjett og skulane utgjer ein relativt liten del av totalbudsjettet.

– Kommunesamanslåing var ogso eit heit tema i denne kommunestyreperioden, burde Fitjarbuen takka ja til Stord når dei hadde sjansen?

- Annonse -

Eg tenker det er unødvendig å tenka i ettertid om ein burde gjort slik eller slik, særleg sidan spørsmålet om kommunesamanslåing vart behandla gjennom ein demokratisk prosess der folket fekk seia meininga si.

Men altså: slik eg ser det viser drifta av kommunen at Fitjar klarar seg utmerka godt åleine. Eg meiner ikkje kommunen manglar noko meir enn andre kommunar når det gjeld tenester til innbyggjarane. Kanskje ville tenestetilbodet sett noko annleis ut om me var ein stor kommune, men ingen kommunar er perfekte, det vil alltid oppstå behov som ikkje er dekka både i små og store kommunar. Og viktigaste av alt å ta med seg vidare: om folk i Fitjar er misnøgde med tenestetilbodet så må dei koma med tilbakemeldingar til kommunen slik at det er mogleg å forbetra tilbodet!

– Når me er inne på samanslåing, kjem det til å påverka Fitjar at Hordaland og Sogn og Fjordane har blitt til Vestland fylke?

Førebels er det kome informasjon om at overføringane til fylka vert reduserte ved samanslåinga. Dersom det vert tilfelle så vil det gå ut over Fitjar på same måte som det går utover andre kommunar. Me har ein vidaregåande skule me ynskjer å behalda og me har fylkesvegar som treng utbetring. Det er difor viktig at me fortset arbeidet opp mot Storting og regjering slik at fylka får dei nødvendige overføringane for å ivareta innbyggjarane sine behov.

– Me kjem ikkje unna litt vindmølleprat. Har me nok vindmøller i Fitjarfjellet no?

Me treng ikkje fleire vindmøller i Fitjarfjellet.

– Fitjar kommune legg for tida ned mykje arbeid i å laga kommuneplanen sin samfunnsdel. Kva vert Fitjar sine utfordringane dei neste 20 åra?

Det er vanskeleg å spå om framtida, og 20 år fram i tid er ganske lenge. Eg trur ein av dei viktige utfordringane for Fitjar, på lik linje med dei fleste andre kommunar, vert den forventa endringa i andelen eldre og yngre innbyggjarar. Det er forventa ein høgare del eldre dei komande åra. Dette vil mest sannsynleg krevja meir av kommunane enn det har gjort til no. Samtidig er det forventa at dei eldre lever lengre og held seg friske og raske lengre enn før. Førebyggjande arbeid vert difor viktig.

Skal kommunen halda oppe folketalet, eller aller helst auka i folketal, er det viktig at unge får arbeid. Det er viktig med gode forhold for kommunikasjon innad i Sunnhordland og mellom Bergen og Haugesund for å gjera ein større arbeidsmarknad tilgjengeleg, men det er også svært viktig med lokale arbeidsplassar. Folk treng arbeid der dei skal bu!

Les ogso: Harald Rydland frå KRF sine svar.