Søkjarane til stillinga som trusopplærar har fått fem søkjarar: fire kvinner og ein mann.

Som Fitjarposten tidlegare har skrive ønskjer soknerådet i Fitjar å avvikle ein av to stillingar som kyrkjelydsprest, og erstatte ho med ei trusopplærar-stilling i 80 prosent.

Stillinga som trusopplærar i Fitjar har no vore utlyst, der søknadsfristen vart sett til 15. august.

Desse fem har meldt si interesse for stillinga:

1. Slavisa Josifovic
2. Linda Beate Peters
3. Elen Kristine Myhre
4. Randi Lønning Matre
5. Elisabeth Vatland Fauskanger

Soknerådet melder at to av desse har vore inne til intervju.

Soknerådsleiaren, soknepresten, kyrkjeverja og påtroppande sokneprest Roald Drønen var med på intervjua.

Soknerådet sitt arbeidsutval kjem med tilråding til kven som bør tilsetjast, og tilsetjinga vil bli gjort på neste møte i soknerådet.