Bjart i førarsetet på olabilen under prøveturen. Foto: Privat.

Med inspirasjon frå nettsida olabil.no nytta tre unge fitjargutar vinterferien til å byggja bil, og i dag var det klart for prøvekøyring!

Med stor entusiasme, energi og konkrete planar sette brørne Gard, Bjart og Johannes Sandvik Bø i gang med bilbygging på måndag.

I løpet av to dagar var bilen ferdig, men så måtte den lakkerast. Blåfargen var eit lett val, men den skulle ha kvite fartsstriper også. Kva merke er det? Mercedes, sjølvsagt! Det er ein Mercedes AMG SLS!

Det måtte alle kunna sjå, og den største aktuelle bilforhandlaren i distriktet hadde ei stjerne i akkurat rett storleik. Den vart montert på laurdag etter at målinga på fartsstripene var tørr, og då kunne bilen prøvekøyrast!

Gutane trekte lodd om kven som skulle få køyra først, og Bjart vann!

Foto: Privat.
Frå venstre: Johannes. Gard og Bjart Sandvik Bø. Bilen er utstyrt med taustyring, regulerbart sete med tre posisjonar, stjerne på panseret og to bremsepedalar. Foto: Privat.
Olabilen blir lakkert. Foto: Privat.