Helsestasjonen, her ved Merete Drønen og Linn Therese Olaussen. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Det er no sett 2282 vaksinedosar i Fitjar. Dei neste to vekene vil innbyggjarar ned mot 45 år få tilbod om sprøytestikk.

Koronavaksineringa går jamnt og trutt framover også i Fitjar.

Fram til no er det 1403 innbyggjarar i Fitjar som har fått sin første dose, og 879 innbyggjarar er fullvaksinerte.

For inneverande veke er det varsla levering av 84 vaksinedosar til Fitjar. Desse går i hovudsak til innbyggjarar som skal ha sin andre dose.

Men i den påfølgande veka, veke 29, er det varsla heile 144 dosar.

– Dei går til første dose i gruppe 9 (alder 45-54) og til personar som skal ha andre dose, melder Fitjar kommune.

Tilsette i barnehagar, skular og SFO vil frå denne veka bli prioritert med inntil 10 prosent av vaksinedosane.